Linker
VÅRE ARTISTER:
A1
Adam Tensta
A-Lee
Bellman
Bjørn Hellfuck
Bjørn Johan Muri
Bjørn Rosenstrøm
Bjørnar Løberg
Blow
Chris Lee
David Urwitz (S)
Di derre
DJ Teddy Touch
El Axel
Erik og Kriss
Finn Wang
Forza
Freddy and The Casuals
Gatas Parlament
Ida Maria
Insense
Jesse Jones
Jo Nesbø
Klovner i kamp
Kåre Magnus Bergh
Lars Vaular
Lotta
Madcon
Maria Arredondo
Marte Wulff
Martine Marbel
Minor Majority
Moddi
Paperboys
Pål Angelskår
Robin og Bugge
Roy Lønhøiden
Sjuende Far i Huset
Smoke Mohawk
STAUT
Stella Mwangi
The Pink Robots
The Shitsez
Thom Hell
Tommy Fredvang
Tone Damli
Trang Fødsel
Venke Knutson
Vinni & the Vagabonds
Vinter in Hollywood
VON
Warlocks
Wig Wam
Yoga Fire
Åge Sten Nilsen

STAUT
bilde
Det heile starta i brytninga mellom eit pastell-farga 80-tal og 90-talet som var meir prega av bondeblått. På den tida farta Ørnulf og Asle rundt på det som var av folkemusikk og runddansfestivalar i landet og gjorde seg godt bemerka med drivande hardingfelespel og gamaldansmusikk.
Tom og Dag Arve gjekk med støttesteg på heilt andre vegar og var rockeheltar og ungpikeidol – i alle fall i eigne auge. Dei spela høgt, fort og til dels ganske bra i kvar krok av landet som hadde ei mjølkerampe eller liknande som kunne brukast som scene.

Gaute og Torgeir gjekk og med støttesteg i den same perioden men det var av di dei nett hadde lært å gå. På den tida var det heller ikkje vanleg med slike Up and Go-bleier så det var ikkje lett å halda balansen. Når ein i tillegg lyt nevna at gutane trødde sine fyrste steg på stølsvegane eit godt stykke nord i dalen så skjønar de sikkert at det vart ein del stygge skrubbsår.

Tida gjekk og dei to vesle gutane vart såpass store at Torgeir rakk opp på kontrabassen og Gaute rakk opp til mikrofonen, dersom stativet stod på det lågaste stille.

Ørnulf og, kanskje spesielt Asle, som var folkemusikken i vold, vart etterkvart svært opptekne av det som var typisk norsk og særegent for oss nordbuarar. Ørnulf, som aldri var spesielt god i norsk på skulen, stod brått ein dag med ein målpris i hånda. Den fekk han etter skjødeslaus omgang med ulike lyriske småstykke. Med eit tok ein djevelsk plan form i skallen hans. Alle dialektforkjemparar på kvar minste, vesle berghylle i landet skulle få si ultimate oppreisning.

Ørnulf hadde fått greie på at det budde ein ung, lovande sangfugl eit stykkje nord i dalen. Ja, så god var denne songaren at det gjekk gjetord om han i heile området. Kun ein liten skavank hadde han: Tungemålet hass var bymål.

Guten heitte Gaute, eller Staute-Gaute som han vart kalla. Ørnulf sin plan gjekk i korte drag ut på å bortføre denne songfuglen, isolere han frå omverda før ei periode og hjernevaske han slik at han etter ei stund berre vart i stand til å synga på dialekt.

Planen fungerte nett som planlagt og skulle du kome inn i eit trongt konsertlokale ein sein time og høyre ein kar som pratar bymål mellom låtane men syng på klingande dialekt – ja då har du kome ut for Staute-Gaute. Og bak han står heile STAUT og ser til at guten ikkje får tilbakefall…






Her mangler det verken på spilleglede, kvalitet eller glimt i øyet. Ørnulf Juvkam Dyve, som mottok målprisen for Valdres i 2005 lager de fleste låtene, og tekstene hans skildrer ofte personer han har møtt samt opplevelser og øyeblikk i den profilerte komponistens liv. Når alt så blir pakket inn i STAUT konseptet, blir resultatet intet mindre enn fengende gla..musikk og en stor hyllest til hele Valdres regionen.


Staut Myspace

 

Kontaktinfo
Forsiden Historie Kontakt oss Kommende Konserter Logg inn Artistpartner.no